lørdag 28. august 2010

Saxonia Spring Song


Saxonia Spring Song er ei Welsh sec. D hoppe f. 1994 som kom til Noreg i 2002. Spring Song er født i England, vart så importert til Danmark og fekk nokre føll der. Vidare vart ho kjøpt til Noreg av Hilde Solberg og solgt vidare til ein ung ponnirytter; Beret Hartviksen. Spring Song, som hadde gått mest som avlshoppe og hobbyridning vart "omgjort" til sprangponni – med stor suksess! Med sin unge rytter vart dei ein premieplukkande ekvipasje som bl.a. rei Glava Cup, vart Kretsmestere, rei NM og starta ved Oslo Horse Show osb. Beret og Saxonia Spring Song var litt av eit team! Bilete er av Beret Hartviksen og Saxonia Spring Song ved NM-2005. (Foto: Beret Hartviksen).

Som med ponnier flest måtte Spring Song vidare til ein ny lovande rytter. Maren Smedhaug fra Trondheim overtok ponnien. Eg har ikkje heilt oversikten over korleis det gjekk med dei, men når ein Welsh er på TV - kan ein ikkje gå glipp av det. Maren og Spring Song var med i OSH 2009 (Spiller Ponni Grand Prix, 1,25, 15. plass) og ved TV2's OSH-sending fekk "Senkveld-Harald" prøve ein ekte Welsh Cob. Tenker det var litt av ein opplevelse ;)

Eg tror Spring Song er solgt vidare til neste ponnirytter, men vil gjerne høyre meir om korleis det går med ho.


Fra Royal Welsh Show- 08 - Eldre hingster


Saxonia Spring song er etter Tireinon Triple Crown og under Pantyfid Marnie (e. Trevallion Prince Comet). Dermed er ho halvsøster med hingsten Brynithon The Gigalo (e. Thorneyside The Terminator) med samme mor. Ein hingst med stor showsuksess i Wales. Ved Royal Welsh Show i år vart han nummer 2! Bilete er fra 2008, då han stod som nummer 3.

fredag 27. august 2010

Det nærmar seg Kvalitetsbedømmelse




02. og 03. oktober blir det Kvalitetsbedømmelse, 3-årstest og føllfinale for ponni ved Vallemyrene i Porsgrunn. Håper det dukker opp mange welsher og andre ponniar!

Påmelding og info finnes på Norsk Ponniavlsforening sine heimesider www.ponniavl.no. Fristen for påmalding er 5. september.

Foto: Eponas Unigryw Gwenogwen, Welsh sec. C, beste gangartstalent totalt 2009.
NPA/Hans Sørum

Sprangfantomet Lord Celebration




Den kåra sec. D hingsten Lord Celebration har hatt ein fantastisk sesong på sprangbanen i år, med sin eigar og rytter Bente Forberg.

Dei har tatt mange plasseringer i år, med fleire 1. og 2. plasser. Blant anna 1. plass i 1.10 og 2. plass i 1.15 og 2. plass i 1.20 ved Landsstevner i Drøbak. Bente og Lord Celebraton er begge for store for ponniklasser så dei starter mot "store brune hestar" – noko som ikkje gjer det mindre imponerande for ein hest som strekker seg 1,52 i stangmål.

Lord Celebration har eigen heimeside her.

Foto: Esther Philippa Nicolaissen

Kokkedals Intempo - 2. plass i NM dressur




Welsh sec. C hingsten Kokkedals Intempo med sin rytter Marie Håland kapra 2. plassen i NM for ponnier kat. 2 med 67,632%. Førsteplassen tok den norskfødte ponnien Oj Oj (Sportsponni) med sin rytter Anne Elisabeth Hallingstad, 69,035%.

I kat. 1 deltok også Welsh sec. D hoppa Holsfjords Rosebud som endte på ein tredje plass i trøstefinalen med 61,667 %.

tirsdag 24. august 2010

Welsh cobben Cardi vann FEI- Freestyle Champion med 70,75%




Sjølv om denne ikkje er norsk, fortener den sin omtale. Welsh cob hingsten Cardi konkurrerer i dressur og gjer det med stil! Her under eit stevne i Devonwood, USA.

mandag 23. august 2010

Moslåttas Lady Linwen på sitt første køyrestevne




Linda Thomsen har to køyre-welshar, og her er bloggen hennar om når ho og sec. D hoppa Moslåttas Lady Linwen starta sitt første køyrestevne.

Linda har også sec. D hoppa Dorthealyst Rachel the Second. Saman gjer dei det veldig bra i køyringen, men desverre er Rachel skada etter ein velt under køyrestevne på Ekeberg. Heldigivs ser ho ut til å vera på betringens veg.

Bilete er lånt fra bloggen til Linda.

Norske welsher på riks i Sverige

Helga 7.-8. juli var det Svensk Riksutstilling i Sverige. I år var det i tillegg jubileumsutstilling då den svenske welshforeningen fylte 40 år. Det var eit rekordår med nesten 200 welsher i ringen!

Det var som vanleg nordmenn som tok turen over for å få stilt sine ponniar for årets dommarar som var Mr. W. Jones fra Nerwyn Stud og Mrs. C. Willis-Burton frå Pentrefelin Stud.

Av dei norske må særleg Lise Q. Halvorsen med sin sec. C hingst Plassens King Daniel nevnas. Dei stakk nemleg av med ein fortent Ridden Champion tittel! Lise rei i tillegg sec. D hingsten Marcello (eigar: Linda Eitrheim, Moslåtta Welsh) i rideklasse – og kom med i finalen på begge hingstane. "Stuntrytter" Stine Smebye stillte opp som rytter for Marcello i finalen, då sjølv ikkje Lise greier å ri to hestar samtidig.

Elles fekk fleire norske hestar tildelt gull i sine klassar, medan dei norske hingstane alle fekk sølvmedaljer.

Her er litt bilete frå helga.

Velkommen!

Då har eg starta ein blogg der eg vil legge ut diverse resultater for welsh (alle seksjoner) i Noreg. Enten det er sprang, dressur, utstilling eller køyring osb. vil vi gjerne ha det med! Så om du og din welsh har vert ute å starta stevne - stort eller lite - send meg gjerne informasjon og bilete så legg eg det ut på bloggen.

Hensikta er å få fram welshen som den allsidige ponnien den er.