torsdag 16. september 2010

Marcello


Welsh sec. D hingsten Marcello har hatt lengre tids opphold frå ridning og nok konsentrert seg om å lage flotte føll hos eigar Linda Eitrheim ved Moslåtta Welsh på Geilo. No er han å sjå på dressurbanen. Forje helg starta han i Kongsberg med rytter Lise Quiller Halvorsen, og for nokre veker sidan debuterte han og Lise på dressurbanen.

Marcello og Lise starta også rideklasser på riksutstillingen i Sverige. Han var berre ridd nokre veker før han reiste over til nabolandet og kom til finalen! (bilete er frå Sverige i år, rytter på bildet er Stine Smebye. Fotograf er Trine L. Feldmann.)

lørdag 4. september 2010

Storhaugs Red Lady






Storhaugs Red Lady er ei sec. D hoppe født 1998. Saman med sin rytter Sandra gjer ho det veldig bra på sprangbanen. Mor til Sandra, Anki Landås, rei inn Red Lady sjølv, og vidare har Sandra ridd ho opp i klassane i sprang. Dei har blant anna:

2009 vinner rosselandcupen.
2010 ridd baltic med gode resultater
- vunnet fleire LA og MB klasser
- starta NM
- vant b-finalen i NM
- samt fått plasseringer i debutant ponni i feltritt

Gleder oss til å følge denne "flygande ponnien" vidare!

fredag 3. september 2010

Norskfødt welsh i svensk kjøring




I følge nettsidene til den svenske welshforeningen har den norskfødte welsh sec. C vallaken Plassens Lucky Luke gjort det bra i kjøring. Her er det dei skriv om han:

Plassen's Lucky Luke / Rebecca Kristiansen
valack, född 2001, sektion D
e.
Lanner’s Prince Charming u. Springfieldpark Unique
uppf.
Nina Sandberg, Norge
äg. Rebecca Kristiansen, Huskvarna

Groom är Carola Ivarson (storasyster till kusken)

Klass Elit msv enbet ponny, resultat 2a dressyr, 1a maraton, 4 precision och
sammanlagt 1a med 94,84 straff jämfört med tvåans 102,53 straff

Detta är Lucky’s 5 raka maratonseger i lägst elit msv och totalplacering bland de två främsta.

Ekipaget kom hem med två blå/gula, en gul och en röd rosett samt meeting-priset för ponnyer

foto © Eva Österlund


onsdag 1. september 2010

Plassens King Daniel





Plassens King Daniel er ein norskfødt og kåra Welsh sec. C hingst, eid, ridd og kjørt av Lise Q. Halvorsen. Han må vel vera eit av kroneksempla på kor allsidige desse hestane er. Han blir brukt til kjøring, dressur og sprang. I Kongsberg i juni slo han til og fekk ein fin 1. plass i dressur i MB:1.

Som nevnt i tidligare blogg var han med på den svenske riksutstillingen i august - der han vart ridden champion!


To nye starter for Lord Celebration


I helga var Lord Celebration og Bente Forberg ute å starta att etter ein liten "ferie" for Lord Celebration. Dei rei 2 feilfrie grunnomganger i 1,20 på Linnesvollen. Men fekk desverre hhv to og eit nedriv i omhoppingane.