tirsdag 14. desember 2010

Treårstest, kvalitetsbedømmelse, føllfinale 2010



Foto: Eline S. Kvalvik



Treårstest
For treåringane og beste gangartstalent totalt var det Welsh på fire av dei fem øvste plasseringane. Flest poeng fekk shetlandsponnien Berges Cazandra, med sine 51 p. Men på dei følgane plassane kom welshane Storhaugs Belize, sec. D, med 50 p., Flying Bindi (bilete), WPB, 50 p, Molinas Charmer, sec. B, 48 p og Storhaugs Magic Masterpiece, sec. D, med 47 p.

For beste sprangtalent var det WPB hoppa Flying Bindi som trakk mest poeng, med sine 51 p. Molinas Carmer var tett på med sine 50 p og Storhaugs Belize og Storhaugs Magic Masterpiece begge på 49 p.

I tillegg deltok sec. D hoppa Tira og WPB hoppa Amanda Hoel. Flott deltagelse fra welshane!

Foto: Eline S. Kvalvik

Kvalitetsbedømmelse
Det var ikkje like tett med welsh i kvalitetsbedømmelsen, men det var mange med her også. Molinas Allegro, sec. B hingst, tok 2. plassen både i gangart- og sprangdelen og fekk dermed "sølvplassen" totalt sett.

Andre welshar som deltok var Lanners Teddy, sec. A, Storhaugs Evita sec. D og sec. D hingsten Marcello. Full pott vart det for connemarahoppa Amy - som vann totalt sett.

Foto: Eline S. Kvalvik

Føllfinale
Det er alltid spanande når årets beste føll møtes i føllfinale. Nytt i år var at det var følla måtte ha samla karrakter 9 for å kunne kvalifisere seg til finalen. Likevell var det 22 føll som kvalifiserte seg på show og føllskuer rundt om!

Årets føll var ein welsh - igjen! Det vart i år den flotte sec. A hingsten Ponnyhaugens Mike, eigd av Vigdis og Stein Klungland.

Gratulerer!

Machno Carwyn


Machno Carwyn er ein sec. D hingst på 146 cm som har gjort det stort på sprangbanane i Europa. Han har, siden startet på sin karrierer i 1997, vunne EM i sprang for ponni to gonger (2000 og 2001), og har ein fjerde plass med ein 12 år gammal gut i salen. Totalt har han 220 plasseringar i offisielle konkurransar, der 140 av dei var internasjonalt nivå - og vunne 50 av dei. I tillegg har han plasseringar i 25 internasjonale grand prix konkurranser - der han har vunne sju av dei igjen. Ein ponni med merittlista i orden med andre ord.



Machno Carwyn er etter hingsten Carregoch Bleddyn e. Cathedine Express som igjen er etter Parc Welsh Flyer. På morssida har han Machno Ceridwen, ei hoppe med sec. D far (Tylan Danny, e. Nebo Daniel) og sec. B mor (Hilin Wendy e. Hever Omega). Så han er 3/4 dels sec. D og 1/4 dels sec. B.

Han er født i Wales i 1992, og vart eksportert til Sveits i 1995. I 1997 vart han godkjent for avl i Sveits (SVPK and PSR stud books).