onsdag 6. juli 2011

Filmer av Plassen's Lucky Luke

Her er to filmer av den norskfødte welsh sec. C vallaken Plassen's Lucky Luke (Lanners Prince Charming x Springfieldpark Unique) på kjørestevner i Nederland og Østerrike.

Har også fått høyre at dei er kvalifiserte til VM i Lipica-Slovenia!


mandag 27. juni 2011

Norskfødt welsh på internasjonal kjørestevne i Østerrike


INT. KÖRTÄVLINGAR I ALTENFELDEN, ÖSTERRIKE - 17-19 JUNI

Plassen's Lucky Luke
/ Rebecca Kristiansen
valack, sektion C/D
e.
Lanners Prince Charming u. Springfieldparc Unique
uppf.
Nina Sandberg, Norge
äg.
Team Kristiansen, Huskvarna
Ekipaget tog hem totalsegern på årets hittills största internationella tävling i körning i Europa.
1:a plats i dressyren, 4:e plats i maraton och en 5:e plats precisionen resulterade i
totalseger med över 3 straff till tvåan.

foto © Team Kristiansen


Info hentet fra den svenske welshforeningens heimeside.

torsdag 23. juni 2011

Sandra Landås og Storhaugs Red Lady på Baltic




Sandra Landås og Storhaugs Red Lady har vert ute i Baltic Cup og sendt oss reslutater og bilder frå helgas stevne.

Fredag fekk dei 11. plass av 44 startende i storetur. Med 4 feil og beste tiden i 1. fase. Medan søndagens runder gav dei ein flott 6. plass av 56 startende – under 2 sekunder fra 1. plassen!

Red Lady er ei sec. D hoppe etter Nebo Crusader under Hatting Lorina.

mandag 9. mai 2011

Drammen Spring Tour - forts.

Denne helga var det duka for endå meir hinder for Bente Forberg og hennar kåra sec. D hingst Lord Celebration. I fredagens klasse CSI2* Brronze Tour 1,20, slo dei skikkelig til mot "dei store brune" og tok tredjeplassen med to null-runder. Bente og "Cebo" bare fortsetter å imponere og setter virkelig welshen på kartet! Gratulerer!

Bildene er frå forje helg. Se tidligare blogginnlegg.

Norske welsher på Glanusk Stallion Show

Denne helga var dei norske welshane Storhaugs Gwenllian (e. Storhaugs Crusader u. Fflur Gwenno) og Northwinds Le Misérable (e. Molinas Allegro u. Bleachgreen Swallow) i ringen i Wales igjen. Denne gong var det Glanusk Stallion Show. Northwinds treårs sec. B hoppe vann denne helga sin klasse - og vart reserve filly! Gwenllian, treårs sec. D hoppe, fekk fjerdeplass i sin klasse.

Veldig imponerande av begge å vera heilt i toppen på sine to show!


søndag 1. mai 2011

Welsher på Drammen Spring Tour

Fleire welsher deltok på Drammen Spring Tour denne helga. Den mange ganger nevnte "Cebo", Lord Celebration, og Bente Forberg deltok i CSI2* - Bronce Tour (hesteklasser). I søndagens klasse fekk dei helgas beste resultat med plassering og 15. plass.

I CSI Ponni-Small Tour vann svenske Daisy Pearson med si welsh cob hoppe Rhystyd Olivia søndagens klasse. Ho er etter Derwen Relevation og under Rhystyd Favourite (e. Nebo Daniel). Ellers i samme klasse deltok welsh cob vallaken Tireve Midnight Express (e. Tireve Tywysog Du u. Macula Hibiscus) med sin norske rytter Aurora W. Hansen.

Det kan se ut til at sistnevnte hest var med på Horse of the Year show i England 2010, med rytter Jasmine Cain:

lørdag 30. april 2011

Norske welsher - på Lampeter Stallion Show

Storhaugs Gwenllian

Northwind Le Misérable
foto: Bitte Andersen
(eldre foto, eg har desverre ikkje greid å finne foto av ho frå showet)


To norske welsher deltok ved Lampeter Stallion Show i Wales 23. april. Dette var sec. B hoppa Northwinds Le Misérable, eigd og avla av Bitte Andersen ved Nortwind Welsh Stutteri, og sec. D hoppa Storhaugs Gwenllian, eigd og avla av Hilde Solberg ved Storhaug Welsh Stutteri.

Dette var begge ponniane sin "debut" på showbanen i Wales. Lampeter er eit av dei største showa og bærer stor prestisje. Det er derfor veldig kjekt å kunne skrive at dei to norske deltakarane var i toppen begge to! Vel fortent til dei norske avlarane som har sendt dei bortover. Le Misérable stod "first line" og vart nummer fire i sin klasse - noko som er veldig bra resultat mtp størrelsen på klassane og ikkje minst kvaliteten på ponniane! Gwenllian slo til og vann sin klasse og vart i tillegg "reserve filly champion"!

Dette lover godt for show-sesongen vidare - gratulerer til begge eigere!

For fleire bilete fra show i Wales anbefales www.rainhillwelshcobs.com og www.welshwelshcobs.com

Cebo - på dressurbanen!

Lord Celebration og Bente Forberg deltok i mars i MB dressur. Dei ses som oftest på sprangbanen, men tok ei oppfordring om å prøve seg i dressur og hoppa rett inn i middels. Veldig imponerande å då ri godkjent program til 53,333%!

Nye kårede hingster

No er alle ponnikåringane over for i år, og vi har fått fleire flotte hingstar å velge mellom.

Welsh Mountain Sec. A


1.pr. I Kval Nordnorsk Hestesenter
e. Friars Golden Sovereign u. Brierdene Nightingale
eier: Lola Marie Folcke


Kåret Nordnorsk Hestesenter
e. Bubbly Macon u. Islyn Melody
eier: Lola Marie Folcke



Kåret, Starum
e. Twyford Nightstar u. Alume Tina
eier: Hilde Solberg

Welsh Cob sec. D


Lisensiert, Starum
e. Nebo Daniel u. Trefaes Golden Pearl
eier: Linda Eitrheim


Lisensiert, Starum
e. Nebo Thomas u. Brynithon Sea Breeze
eier: Hilde Solberg

Welsh Part-bred


Kåret, Starum
e. Flying Seaking u. Thunder Caprice xx
eier: Anita Gunnarsen


For dommerkort se www.ponniavl.no og www.nhest.no

torsdag 17. februar 2011

Rachel Welsh & Emely Paulsen


Rachel Welsh er ei sec. D hoppe f. 92 som har gjort det virkelig bra på sprangbanen med rytter Emely Paulsen. Rachel Welsh er etter Cippyn Red Crusader, som sjølv er ein dressur-welsh med gode resultater i Sverige. Bl.a. har han SM bronse i 2000 og 2001 med rytteren Sara Linnell. Han har fleire avkom i Sverige som gjer det bra i sporten, bl.a. den svenske ridponnien B Capriole. Som nevnt i forje blogginnlegg vart B Capriole og rytter Marina Mattson rangert som årets dressurekvipasje ponni 2010, av Ridsport.

Emely fortel at dei hadde si topptid i 2005, med resultater som bl.a.:
Nr. 2 Baltic cup Halmstad.
Sammenlagt 4. I Baltic cup.
Nr. 4 NM utendørs.
Nr. 1 NM innendørs.
Nr. 3 nordisk lag.
Nr. 8 nordisk individuelt
I tillegg til mange plasseringar både nationalt og internationalt.

Det er ganske imponerande når Emely fortel at Rachel ikkje hadde hoppa noko særlig før ho var "godt vaksen".
- Rachel hadde ikke hoppet særlig før i 2003/2004. Og alt i 2005 var det masse internasjonale resultater! Ganske spesielt for ei hoppe som fram til hun var 11 år bare hadde vært avlshoppe og hobbyhest.

Vidare fortel ho at Rachel etterkvart vart solgt til Sverige, og har no avslutta sprangkarrieren og returnert til avlsboksen. Ho fekk i fjor eit hoppeføll ved navn Pixie Lott e. De Goede Ree Metall.

søndag 13. februar 2011

Oppdatert e-post

Det viser seg at det var ein feil i e-post adressa på sida her. Men no er den fiksa.

Den er altså: vibiform (at) gmail.com

:-)

søndag 16. januar 2011

Welsh i ridsport sine "Bästa 2010"


Parkhurst Flash Harry & Jan Olofsson - Vinnare av SM i kür, Ribersborg 2010
www.skanskakorsallskapet.com

I siste nummer av det svenske hestebladet Ridsport kan vi lese deira rangering av dei beste ekvipasjene for 2010. Her fann vi sjølvsagt nokon welshar - spesielt innan kjøring.

For i topp fem blandt kuskar for ponni finn vi heile tre med welsh framfor vogna. Nummer ein på rankingen er Susanne Ankermark, som har welsh sec. D, Adelheides Prince (e. Liezelshet Magic) - som andreponni riktignok. Nummer to er Rebecca Kristiansen med welsh sec. C ponnien Plassens Lucky Luke. Denne ponnien er nevnt i ein tidligare blogg. På femteplass finn vi Jan Olofsson med welsh sec. D hingsten Parkhurst Flash Harry.


Rebecca Kristiansen og Plassens Lucky Luke
Foto lånt fra lissims blogg på hest.no.


I dressurtoppen har Ridsport rangert Marina Mattson som nummer ein. Hennar ponni, B Capriole, er ein svensk rideponni vallak med welsh sec. D hingsten Cippyn Red Crusader som far.

Kjekt å sjå at welshane får vist seg fram i sporten i nabolandet!