søndag 16. januar 2011

Welsh i ridsport sine "Bästa 2010"


Parkhurst Flash Harry & Jan Olofsson - Vinnare av SM i kür, Ribersborg 2010
www.skanskakorsallskapet.com

I siste nummer av det svenske hestebladet Ridsport kan vi lese deira rangering av dei beste ekvipasjene for 2010. Her fann vi sjølvsagt nokon welshar - spesielt innan kjøring.

For i topp fem blandt kuskar for ponni finn vi heile tre med welsh framfor vogna. Nummer ein på rankingen er Susanne Ankermark, som har welsh sec. D, Adelheides Prince (e. Liezelshet Magic) - som andreponni riktignok. Nummer to er Rebecca Kristiansen med welsh sec. C ponnien Plassens Lucky Luke. Denne ponnien er nevnt i ein tidligare blogg. På femteplass finn vi Jan Olofsson med welsh sec. D hingsten Parkhurst Flash Harry.


Rebecca Kristiansen og Plassens Lucky Luke
Foto lånt fra lissims blogg på hest.no.


I dressurtoppen har Ridsport rangert Marina Mattson som nummer ein. Hennar ponni, B Capriole, er ein svensk rideponni vallak med welsh sec. D hingsten Cippyn Red Crusader som far.

Kjekt å sjå at welshane får vist seg fram i sporten i nabolandet!