torsdag 17. februar 2011

Rachel Welsh & Emely Paulsen


Rachel Welsh er ei sec. D hoppe f. 92 som har gjort det virkelig bra på sprangbanen med rytter Emely Paulsen. Rachel Welsh er etter Cippyn Red Crusader, som sjølv er ein dressur-welsh med gode resultater i Sverige. Bl.a. har han SM bronse i 2000 og 2001 med rytteren Sara Linnell. Han har fleire avkom i Sverige som gjer det bra i sporten, bl.a. den svenske ridponnien B Capriole. Som nevnt i forje blogginnlegg vart B Capriole og rytter Marina Mattson rangert som årets dressurekvipasje ponni 2010, av Ridsport.

Emely fortel at dei hadde si topptid i 2005, med resultater som bl.a.:
Nr. 2 Baltic cup Halmstad.
Sammenlagt 4. I Baltic cup.
Nr. 4 NM utendørs.
Nr. 1 NM innendørs.
Nr. 3 nordisk lag.
Nr. 8 nordisk individuelt
I tillegg til mange plasseringar både nationalt og internationalt.

Det er ganske imponerande når Emely fortel at Rachel ikkje hadde hoppa noko særlig før ho var "godt vaksen".
- Rachel hadde ikke hoppet særlig før i 2003/2004. Og alt i 2005 var det masse internasjonale resultater! Ganske spesielt for ei hoppe som fram til hun var 11 år bare hadde vært avlshoppe og hobbyhest.

Vidare fortel ho at Rachel etterkvart vart solgt til Sverige, og har no avslutta sprangkarrieren og returnert til avlsboksen. Ho fekk i fjor eit hoppeføll ved navn Pixie Lott e. De Goede Ree Metall.

søndag 13. februar 2011

Oppdatert e-post

Det viser seg at det var ein feil i e-post adressa på sida her. Men no er den fiksa.

Den er altså: vibiform (at) gmail.com

:-)