lørdag 30. april 2011

Norske welsher - på Lampeter Stallion Show

Storhaugs Gwenllian

Northwind Le Misérable
foto: Bitte Andersen
(eldre foto, eg har desverre ikkje greid å finne foto av ho frå showet)


To norske welsher deltok ved Lampeter Stallion Show i Wales 23. april. Dette var sec. B hoppa Northwinds Le Misérable, eigd og avla av Bitte Andersen ved Nortwind Welsh Stutteri, og sec. D hoppa Storhaugs Gwenllian, eigd og avla av Hilde Solberg ved Storhaug Welsh Stutteri.

Dette var begge ponniane sin "debut" på showbanen i Wales. Lampeter er eit av dei største showa og bærer stor prestisje. Det er derfor veldig kjekt å kunne skrive at dei to norske deltakarane var i toppen begge to! Vel fortent til dei norske avlarane som har sendt dei bortover. Le Misérable stod "first line" og vart nummer fire i sin klasse - noko som er veldig bra resultat mtp størrelsen på klassane og ikkje minst kvaliteten på ponniane! Gwenllian slo til og vann sin klasse og vart i tillegg "reserve filly champion"!

Dette lover godt for show-sesongen vidare - gratulerer til begge eigere!

For fleire bilete fra show i Wales anbefales www.rainhillwelshcobs.com og www.welshwelshcobs.com

Cebo - på dressurbanen!

Lord Celebration og Bente Forberg deltok i mars i MB dressur. Dei ses som oftest på sprangbanen, men tok ei oppfordring om å prøve seg i dressur og hoppa rett inn i middels. Veldig imponerande å då ri godkjent program til 53,333%!

Nye kårede hingster

No er alle ponnikåringane over for i år, og vi har fått fleire flotte hingstar å velge mellom.

Welsh Mountain Sec. A


1.pr. I Kval Nordnorsk Hestesenter
e. Friars Golden Sovereign u. Brierdene Nightingale
eier: Lola Marie Folcke


Kåret Nordnorsk Hestesenter
e. Bubbly Macon u. Islyn Melody
eier: Lola Marie Folcke



Kåret, Starum
e. Twyford Nightstar u. Alume Tina
eier: Hilde Solberg

Welsh Cob sec. D


Lisensiert, Starum
e. Nebo Daniel u. Trefaes Golden Pearl
eier: Linda Eitrheim


Lisensiert, Starum
e. Nebo Thomas u. Brynithon Sea Breeze
eier: Hilde Solberg

Welsh Part-bred


Kåret, Starum
e. Flying Seaking u. Thunder Caprice xx
eier: Anita Gunnarsen


For dommerkort se www.ponniavl.no og www.nhest.no